torsdag 29. november 2012

Molde


Molde

Etter ein lang og kald vandring kom eg til slutt fram til Molde. Her tok det ikkje lang tid før eg fikk kontakt med det kristne miljøet. Etter bare ein dag kom eg til en kafé/menighet som heiter Sub Urban. Her fekk eg hilse på Sivert Hovde, og det tok ikkje mange minutt før eg fekk ein eigen plass å bu på loftet på Sub Urban. Det var veldig enkelt å komme inn i det kristne miljøet her, og eg blei godt motteken av ungdommen. Og her har eg fått moglegheita til å vere med på stille stund, gudstenetste, bibelgruppe og andre diverse ungdomsmøter. Eg har også fått lov til å vere med på leir på Harøya saman med Midsund-, Harøy- og Aukrakonfirmantane. Det var konge med både filmkveld, mange gode samtalar, men det kjekkaste må vel ha vore pysjparty i gymsalen med musikk. Ellers så har eg vore mesteparten av tida på Sub Urban. Her har dei lunsj og kafé to dagar i veka, og hit kjem det mange ungdommar som eg har kost meg og snakka med og drukke kaffi saman med. På Sub Urban kjem det både kristne og "ikkje-kristne", og folk blir tekne godt imot og ønskast velkommen inn i det gode miljøet. Viss du vil vite meir om denne plassen, kan du gå inn på nettstaden til Sub Urban: www.suburban.no.

Hei! Eg er ei jente på 17 år som bur i Molde. Eg tilbringer veldig mykje tid på Sub Urban, og då eg kom for å ete middag der på ein ganske vanleg tirsdags ettermiddag, var det plutseleg eit nytt ansikt der. Førsteinntrykket mitt av denne personen var at han var ein person som spreidde glede rundt seg. Eg helste på han og etter kvart som eg fann ut meir av kven denne fyren var, fekk eg høyre ei spanande historie. Eg snakkar som det sikkert skjønar om Daniel. Det har vore utruleg kjekt å få ha han her på Sub Urban nokre dagar. Eg trur han har inspirert mange av oss som er her, i alle fall meg, med måten han lever på og verkeleg tørr å stole på Guds løfter. Det er så bra at du kom hit til oss Daniel! Lykke til vidare. Vi håper å sjå deg her igjen :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar